Noregs hus tilbyr hyblar for norske studentar i Paris

Norske studentar i Paris har høve til å søkje om hybel på Cité Interantionale Universitaire, og særleg på Noregs hus. Dette er eit kjærkome tilbod som bøter på både trong bustadsmarknad, slunken lommebok og heimlengt.


Noregs hus disponerer til ei kvar tid 50 plassar for norske studentar i Paris-regionen. Huset ligg i eit stort parkområde i 14. arrondissement i Paris, med lett tilgong til kollektivtransport og ulike aktivitetar. I tillegg finn ein både kantine, bibliotek, postkontor og bank på området, og ein har høve til å delta på dei mange kulturelle og sportslege aktivitetane som vert arrangert.

Cité Interantionale Universitaire har så mange som 39 hus frå like mange ulike land. Kvotene av studentar frå kvart land fungerer etter eit prinsipp om utveksling, slik at norske studentar som får hybel gjerne vert sende til andre land sine hus og omvendt. Hyblane på Noregs hus er ganske små, med vask på rommet, felles dusj, toalett og kjøken, men husleiga er relativt rimeleg samanlikna med prisnivået i Paris. Dei som får tilbod om husvære ved andre hus enn det norske får nokre gonger utdelt hyblar av høgare standard.

I augneblinken er det 40 nasjonalitetar på Noregs hus, som er rekna for å ha eit godt og triveleg internasjonalt miljø. Søkinga til huset er aukande.

Praktisk informasjon:
- Det er opptak til Noregs hus to gonger i året, 20. juni og 1. november, og etter gjeldande kriterium.  Klikk øvst til venstre i vindauget som opnar seg for å få teksten på engelsk.
- Takstar (2007-2008) : 359 euro i månaden dersom ein leiger heile året, litt meir dersom ein berre leiger eit semester. Prisen for forskarar er 455 euro.
- Korttidsopphald er mogeleg for minimum 5 døgn. Pris per døgn er omlag 23 euro.  


 


Del på nettet   |   print